PREMIERE 23. JULI 2021

Olav den Skinnheilage har tvangs-kristna kongerikjet Noreg. Feitt nok, - tru er tru, sa heksa og kasta seg på bålet.

Men, no ligg Olav dau under torva og sparar til lengre hår og neglar enn Kry Molvær Hivju, og ein ny konge har funne sin plass kongerekkja: Den maktsinnsjuke Herre Kong desSverre.

Han lar seg bestemt ikkje pille i rassen av kyrkjas klamme hånd, og har sett i gang i ei blodig avkristning av landet. Føkk kyrkja og Paven i Rom-pa, makta vil han ha sjølve!

Sigeren over kristenjævlane er nær, og det endelege slaget skal naturlegvis kome under kyrkjemøtet i Norges kristen-religiøse maktsentrum Stiklestad. Der skal den nye kongen plante en symbolsk knyttneve i trynet på Den Flinke Bispen, og sette presteskapet på plass en gang for Allah. Det er planen.

På veg dit skal han berre natteraste på Garden Ful. Det skal vise seg å bli eit skjebnesvangert val for Kongen. Gardsfolket der har endeleg fått ei tru til å tru på, og er truande til å spela spel for å vokte ho!